mandag 1. september 2014

Eigenvurdering, læring og Campus Inkrement 
I desse dagar er det mykje som opptar oss lærarar, men sidan eg er Tekna medlem og dermed ikkje i streik må eg også ha fokus på undervisning. 

Dette skuleåret kjem eg til å ha større fokus på samarbeidslæring og å få elevane til å verta aktive deltakara i si eiga læring. I fjor byrja me ved Nordahl Grieg vgs i faget R1 og nytta det me då kalla for leksegrupper og systematisk bruk av omvendt undervisning. Etter evaluering endte me opp med noko litt anna enn kva me starta med.

I oppstarten  av dette skuleåret har me som er på jobb modifisert opplegget og kanskje vert det tatt i bruk i dei fleste matte gruppene ved skulen. Me plasserer elevane i styrte 4-ar grupper og kallar dei i år for SAMARBEIDSGRUPPER sidan dei skal samarbeide om meir enn leksene. (Korleis desse samarbeidsgruppene fungerer kan eg forklara ved eit seinare tidspunkt). Me nyttar også omvendt undervisning med teoristoff frå Ndla og Sinus (Cappelen), og brukar Campus Inkrement som portal og organisatorisk tildeling av videoar, kontrollspørsmål og ikkje minst systematisk bruk av eigenvurdering før timane. Sidan me har dei fleste mattefaga parallellagt så er det mogleg for oss å vera lærargrupper på minst to lærarar. Då kan dei som treng ekstra gjennomgang få det og dei som treng oppgåveløysing få rettleiing av lærar. I andre fag er me aleine med ei gruppe og vekslar litt mellom omvendt undervisning og tradisjonell undervisning.


Og det er nettopp eigenvurderinga som er så systematisk å få oversikt over på Campus som gjer at eg skriv desse orda i kveld. Eg veit akkurat kva eg må vektlegga i morgon i fysikktimane mine. Difor er det å kunna ha tid til å følgja opp om kvelden så viktig og ikkje minst ha tilgang på eit verktøy som er enkelt å nytta og ikkje krev mykje arbeid for å få oversikt over eleveigenvurderingane.  

Kva oppnår ein når ein nyttar eigenvurdering? Elevane har håndterbare oppgåver i lekse som dei kan kommentera (kontrollspørsmål, animasjonar, vidoear) og dei set sine eigne ord på kva som gjekk greitt og ikkje fult så greitt. Dei vert dermed medviten på kva element som dei treng å ha fokus på.


I morgon vert det å få på plass snuing av formlane viktig. For å hjelpa elevane til å nå ei raskare ferdigheit i ulike basisferdigheiter nyttar eg også ei lita kladdebok som elevane berre nyttar til ein ting og det er oppstart og avslutningsspørsmål. I morgon vil eg difor byrja med at dei skal snu ein formel , og teikna ein fartsgraf ut frå ein gitt strekningsgraf. Dei skal deretter leggja vekk boka og me arbeider med temaet som er dei 4 rørsleformlane for konstant akselerasjon. Når timen går mot slutten vil eg be elevane ta fram att boka; finne ei ny side og gjennta det som me starta med og kanskje eit eller to ny småspørsmål.  Vonleg vis vil då fleire ha fått dette betre til. Eg samlar ofte inn bøkene og ser over (tar ca 20-30 min når eg har 28 elevar) eller eg forklarar og dei rettar medelevane sine svar.  Kvifor brukar eg denne tida på dette? Eg har ein arbeidsgivar (ikkje KS) som har tru på at gjennom samhandling  vert me alle betre og at dette skjer utanfor kontortida. Elevane slepp å vente i 4-5 veker før dei får tilbakemelding på ferdigheiter før ein har ei vurdering. Med andre ord læringskurva deiras får ei raskare stigning og elevar lærer seg til at det lønner seg å delta aktivt i læringsprosessen.

PS er spent på kva Ndla kjem med etter at eg var så heldig å få forklara dette for dei førre veke. Kanskje vert det mogleg å nytta Ndla i framtida til å få eit godt eigenvurdering/logg på kva som er gjort og forstått. Eller kanskje også Its’ learning vil forbetra slik at ein får betre profil på eit tema/ ei blokk / ein leksjon…..

Draumar er gode og å ha. Og i mellomtida er eg takksam for arbeidet som Bjørn Ove Thue har gjort med å utarbeida Campus som gjev meg eit verktøy som sparar meg for tid og som fremjar læring. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar